• An Image Slide show
  • An Image Slide show
  • An Image Slide show
  • An Image Slide show
  • An Image Slide show
  • An Image Slide show




  

Kristkyrkja i Førde blir ein del av Fellesskapskyrkja Sandane
fredag 01. september 2017 20:39

Kristkyrkja i Førde blir ein del av Fellesskapskyrkja Sandane


Kristkyrkja i Førde tok tidlig i vår kontakt med Fellesskapskyrkja på Sandane med tanke på eit mulig samarbeid.

 

Etter samtaler på ledernivå og vedtak på årsmøte i begge kyrkjelydane vart konklusjonen at Kristkyrkja i Førde opphøyrer som eigen kyrkjelyd, og dei av medlemane som ynskjer det melder seg inn i Fellesskapskyrkja Sandane.

 

Hensikta er å frigjere tid og krefter frå det administrative med å drive eigen kyrkjelyd i og med at Mindor Tonheim no har gått av med pensjon etter lang og tru teneste og dei dermed er utan pastor.

 

Flokken i Førde vil dermed kalle seg Fellesskapskyrkja i Førde

 

Vi på Sandane kjem til å bistå med forkynning på nokre av søndagsmøta der og støtte opp om arbeidet ellers. Men det er folket i Førde som sjølve vil stå for det meste av programmet. Inkludert husgrupper og bønemøter.

 

Vi ønskjer folket i Førde velkomne i fellesskapet både i Førde og på Sandane.

 

Sist oppdatert fredag 01. september 2017 21:00
 

 

Fellesskapskyrkja er
medlem i